• Om POFU
  • For skoler
  • For psykologistudenter
  • For elever
  • Aktuelt
  • Hvordan få hjelp
  • Ofte stilte spørsmål
  • Ansatte
  • Styret
  • Kontakt oss
  • Skip to main content
  • Skip to footer
pofu.no

pofu.no

En ideell stiftelse som arbeider for økt kunnskap om psykisk helse blant ungeettsted

  • For skoler
  • Bli underviser
  • Om POFU
Hjem | Aktuelt | POFUs satsningsområde 2021: Eit læraropplegg i psykisk helse

POFUs satsningsområde 2021: Eit læraropplegg i psykisk helse

I samband med at Folkehelse og livsmestring blei innført som eit tverrfagleg tema i skulen, brukte fagteamet i POFU hausten på å utvikle eit læraropplegg i psykisk helse.

Dette var ein spennande prosess der vi fekk gode tilbakemeldingar i frå ei referansegruppe med lærarar undervegs. Vi var også så heldige å få teste ut pilot av opplegget på to ungdomskular i Bergen. Ved den fyrste piloten blei vi godt tatt i mot av engasjerte lærarar og andre tilsette ved Hop oppveksttun. For Frida og Katrine, som haldt opplegget, var dette ein fin stadfesting på kor viktig forebyggande arbeid om psykisk helse er. Pilot nummer to blei gjennomført på Fjell ungdomskule. Her var lærarane sporty som takka ja til å stille opp digitalt då Covid-19 smitten i Bergen var høg. Etter begge pilotane fekk vi gode tilbakemeldingar frå lærarane som vi tok med oss vidare i arbeidet for å utvikle eit best mogleg opplegg. 

Vi kan no fortelje at dette vært POFU sitt satsningsområde for 2021, noko vi er veldig stolte over!  Elevundervisninga vil fortsette å vere hovudsatsinga til POFU der læraropplegget vil vere ei tilleggsatsing.

I POFU anerkjenner vi at lærarar alltid har drive med livsmeistring, og at den jobben dei allereie gjer er viktig for elevar si psykiske helse. Likevel ønskjer lærarar meir kunnskap om psykisk helse og om korleis ein kan bruke denne kunnskapen i undervisning og i rolla som lærar. Her er det POFU sitt læraropplegg kjem inn.

Målet med opplegget er å auke kunnskap og bevisstheit om psykisk helse, som lærarane kan bruke både i undervisning og i møte med elevane. I tillegg gir vi konkrete øvingar som lærarane raskt kan ta i bruk i klasserommet. Vi ynskjer også å tilby lærarane tid og rom til å reflektere og utveksle erfaringar saman om ulike tema, og korleis dei kan implementere dei nye kompetansemåla inn i si undervisning. 

I fyrste omgang vil vi ha oppstart i Bergen. Forrige veke starta vi rekrutteringa av frivillige psykologistudentar som vil vere kurshaldarar, og ikkje minst av ungdomskular som vil få tilbod om besøk av oss. 

Vi gleda oss til å fortsette å spreie kunnskap om psykisk helse!

Filed Under: Aktuelt

Footer

PSYKOLOGISTUDENTENES OPPLYSNINGSARBEID FOR UNGE

Psykologistudentenes opplysningsarbeid for unge (POFU) er et tiltak som går ut på at frivillige psykologistudenter underviser i psykisk helse for ungdom.

Kontakt oss

  • Oslo
  • Trondheim
  • Bergen
  • Tromsø
  • Intranett
Facebook Instagram Linkedin
Webdesign og webutvikling av Increo

Copyright © 2023 · Genesis Sample on Genesis Framework · WordPress · Log in